Viser innlegg med etiketten trening. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten trening. Vis alle innlegg

tirsdag 2. oktober 2012

Ei lita hardøkt: 2 x 3 km vedbæring

...og bålet vart bra det...
25 september var det tid for turdag på skulen. Eg hadde ansvar for ein av turane, og tenkte som så ofte elles at me MÅ ha ein  god bålpause mot slutten av dagen.

Ettermiddagen før, fann eg difor fram den gode gamle 110 liters Bergans sekken min, og fylte den med kapp og gamalt elevarbeid i frå sløydsalen. Så bar det til skogs. Etter omlag 1 km oppvarming, prøvde eg å springa mest mogleg fram mot leirplassen, tømma sekken, før eg jogga tilbake til skulen. Der fylte eg sekken ein gong til, og gjentok same turen. Hardt og fint.

Det gjeld som kjent å sjå moglegheitene i kvardagen ;)

Push ups...

Eg diggar basistrening, og då kjem ein jo ikkje utanom push ups eller armhevingar som det vel heiter.

For å skapa litt utfordring og variasjon i kvardagen kjøpte eg denne DVD`en på ebay. Vel var han filma i 1996, men Navy SEAL basistrening er vel etter god gamal oppskrift uansett tenkte eg. Filminga er ikkje veldig kreativ, og soundtracket er fullt av "hooyaas". Men øvingane er knallharde og fine. For tida køyrer eg følgande sett:

10 vanlege push ups
1 min pause
10 triceps push ups (smalt grep, breie bein)
1 min pause
10 push ups med bredt grep
1 min pause
10 bomber push ups (ikkje heilt enkelt å forklare...)
1 min pause

Så gjeld det å køyra på heilt til ein ikkje klarer 10 repetisjonar lenger. Målbart og fint.


Til våren derimot, tenkte eg å prøva meg på følgande økt:

Totalt 300 push ups, på så få sett som mogleg. Mellom kvart sett løper ein 400m.
Totalt 200 pull ups, på så få sett som mogleg. Mellom kvart sett løper ein 400m


Huttetu...

fredag 4. mai 2012

Vårtur i shorts!!

Alle årstider har sin sjarm. Men, første løpeturen i shorts om våren, er alltid spesiell. For ein travel småbarnspappa, er det og fantastisk å kunne springe i 1t 30 min kl 20 om kvelden, og likevel ha dagsljos heile vegen.
 Her er nokre bilete i frå ein tur Seim - Gladihaug (over Krossane), eg, Leif og Harald hadde 1 mai om kvelden.








mandag 19. mars 2012

Syretest til Rema 1000

Dei siste åra har det blitt mest løping på meg. Eg synes løping er veldig kjekt, samstundes som eg  som travel småbarnsfar synes at det er den mest effektive bruken av treningstida.

Men, sykling er framleis favoritten! Difor kom eg til ein fredagskveld, at eg skulle ta meg ein liten "formtest" på sykkel. Oppskrifta var enkel: Full fart tur/retur Rema 1000 (omlag 2x 8km), i ei skikkeleg kupert vestlandsløype. I tillegg ville eg då ha sekken full av varer på heimveg.

Resultatet vart som følger:
- Toppen av første bakke: PINN STIVE lår...
- Rema 1000: Litt sjølvransaking mellom varehyllene.
- Heimvegen: Stive lår, vondt i korsryggen, men stabil og fin puls trass særs aktiv sykling.

Konklusjon:
Framleis blir ein god på det ein trenar på desverre... Og "sykkellåra" mine er i ei elendig forfatning. Blodpumpa verkar derimot bra, så løpesesongen ser ut til å vera berga.

Medisin:
Bakkeintervallar... Berre å finne fram racaren...:)

søndag 11. mars 2012

Tidsklemma, trening og prioritering...

KONDIS: Uredd og sprek trebarnsfar

Alltid spanande å lesa artiklar om spreke folk og korleis dei løyser kvardagen sine utfordringar.

Etter å ha lese forholdsvis mange slike artiklar, set eg igjen med nokre konklusjonar:
- Menn som likar å trene, har og ofte ei kone som likar å trene.
- Det handlar om å sjå moglegheitene i kvardagen, "å springe heim i frå kaffibesøk..."
- Å få til noko i 2012, handlar om å gjera tydelege val og prioriteringar. Overnevnte familie, hadde til dømes kvitta seg med fjernsynet.


Den velkjende tidsklemma kan kun løysast med prioriteringar. Kva er viktigast for deg og familien din? I ei tid der alle heile vegen skal kunne gjere alt, er tydelege valg viktigare enn nokon gong.


- Dersom trening og friluftsliv er viktig for meg, kva vil eg då prioritera vekk?


mandag 27. februar 2012

Kilian Jornet sine treningsprinsipp



Kilian Jornet er litt av ein kar, han er ein av verdas råaste fjelløparar / ultraløparar / skibestigarar mellom anna. Til dømes har han rekorden opp /ned på Kilimanjaro, med 7timar og 14 min. Og har gått 2000 høgdemeter på ski på 32 min.

Denne fjellmannen har og nokre gode tankar om trening:


Each person is unique. Not only morphological and physiological characteristics are different, the man is something more than the sum of these parts. It is a mistake to expect identical reactions between two individuals performing the same job. This principle is crucial because it indicates that it is not to copy what others do.

The training has to play the most similar to the features found in the competition. Running across a mountain, we must train in the mountains, technical trails, and if not look for what fits you the best.


Dette er viktige tankar i vår tid, der avisene er fulle av "kva er den mest effektive treninga nett no" stoff. Alle menneske er unike, og kan difor ikkje automatisk ta til seg felles mønster for trening. Ein må sjølv kjenne etter, og finne kva som passar din kropp. Og sist men ikkje minst: skal du bli god på ski, må du gå på ski. Herleg!





søndag 3. oktober 2010

Kven trør og trør men kjem aldri til døra..?

Så var han komen til gards: spinningsykkelen.
Ei treningsform ein anten elskar eller hatar. Etter ti år som spinninginstruktør, må eg vel sei meg delvis einig med begge leirar. Ei god spinningøkt i november med drivande musikk, ein inspirerande instruktør og høg sveittefaktor er GOD trening. Samstundes er det få ting som kjennes meir meiningslaust enn å setja seg på setet inne i ein mørk sal når sola skin og humla susar.

Eg kjem til å bruka jarnhesten til styrketråkk og lang intervallar i mørketida, og med to smårollingar i huset veit eg at dette vil auka treningsmengden.

Så får me heller setja han i ein mørk krok når vårsevja kokar i lekamen.

lørdag 28. august 2010

Betre bør du ber`kje i bakken...

Å ha ei bør på ryggen er godt for både styrke og uthald. Eg tenkjer at det ligg mykje "gratis" trening i ein sekk. Anten han inneheldt varer frå butikken, utstyr til ein fjelltur, ungar eller berre rett og slett "jobb ting"

tirsdag 6. april 2010

Pappaperm og sykkeltur





Rett før påske vart me foreldre til ein gut til, fantastisk! Likefullt har eg ei kone som veit at husbonden er ein enno betre småbarnsfar når han berre får lufta seg litt...
Her ser de bilete frå ein rask føremiddagstur over Sikvelandsheia, Undheim og tilbake til Ålgård. Fin vårtur!