Viser innlegg med etiketten friluftsliv. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten friluftsliv. Vis alle innlegg

tirsdag 2. oktober 2012

Ei lita hardøkt: 2 x 3 km vedbæring

...og bålet vart bra det...
25 september var det tid for turdag på skulen. Eg hadde ansvar for ein av turane, og tenkte som så ofte elles at me MÅ ha ein  god bålpause mot slutten av dagen.

Ettermiddagen før, fann eg difor fram den gode gamle 110 liters Bergans sekken min, og fylte den med kapp og gamalt elevarbeid i frå sløydsalen. Så bar det til skogs. Etter omlag 1 km oppvarming, prøvde eg å springa mest mogleg fram mot leirplassen, tømma sekken, før eg jogga tilbake til skulen. Der fylte eg sekken ein gong til, og gjentok same turen. Hardt og fint.

Det gjeld som kjent å sjå moglegheitene i kvardagen ;)

onsdag 2. juni 2010

Bulandet i mai.


Sigbjørn, Alf Egil, Øystein og Asbjørn møttest for ei langhelg med eit nærast autistisk fokus på fisking og fridykking. Denne gongen var Bulandet, lengst vest i Sunfjord målet. Der levde me herrens glade dagar i "Campellabua" til Arne Fedøy. Ved neste korsveg vert eg sjarkfiskar!












søndag 28. mars 2010

Ski og sånt, når tre skal bli fire...



Å vera tur-interessert småbarnspappa, handlar om å leva i spenninga mellom dei draumane ein har og det som er gjennomførbart. Denne vinteren har det blitt mange korte skiturar og ingen lange, og det er heilt greit! Livet har mange epokar, og akkurat no er eg inne i ein epoke med flest korte turar... Det handlar om å vera fornøgd der ein er.

søndag 10. januar 2010

Vinterlandet.





















Eg elskar vinteren. Eg elskar kulde
og snø, is på vatnet, ski, raude kinn, vottar, snømåking, fyr i ovnen, kakao, kalde morgonar og solnedgang til middag. Skikkeleg vinter er med på å skapa dei kontrastane som gjer det å bu i Noreg til noko heilt spesielt. Juletida og januar har såleis vore fantastisk!

tirsdag 25. august 2009

Valdres treff i Hardanger


For tiande året på rad var det tid for augusttur med Valdres fhs. gjengen. Denne gong var det Kinsarvik i Hardanger som var møtestaden. Topptur mot Hardangervidda, bading i hardangerfjorden, teltliv, hygge, moreller og grunneigarar med skiftande humør var artige minner frå årets tur. Me byrjar etterkvart å bli mange med store og små, så utfordringane kring logistikken er litt meir omfattande enn før. Kjekt var det uansett!

mandag 4. mai 2009

Tilbakeblikk frå vinteren som var.

Turane denne vinteren har vore prega av eit objekt: barnepulk. Me kjøpte ein billeg 1997 modell sist sommar og har vore svært nøgd med denne. Herleg å kunne erfara at det å ta seg ein skitur framleis er mogleg, også når to har vorte til tre.