Viser innlegg med etiketten kappestrid. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten kappestrid. Vis alle innlegg

onsdag 5. september 2012

Knarvikmila 2012







Så var det endeleg klar for Knarvikmilhelga i år og. Eg synes personleg dette arrangementet berre vert betre og betre for kvart år som går!

For vår del byrja det heile med "Knøttemila" laurdag. Der Vebjørn og Emil "kjempa" seg gjennom 300 m hinderløype, før medalje, drikkeflaske, is og banan venta i mål, hurra!

Seinare same ettermiddag, var det derimot underteikna sin tur til å lufta seg på Fjord Norway half marathon. Flotte forhold og ny pers med 1.27 gjorde det heile til ei flott oppleving! Den løypa er berre knallkjekk!!

Søndag avslutta me årets helg med familie tur i "Naturløypa" med innlagte drikkestasjonar, frukt og pølsestopp. Medan besto trilla minsten ein runde i "Brekkeløypa". Ei kjekk og aktiv helg med andre ord. Knarvikmila 2013, me er klar!



søndag 29. april 2012

Bergen city Marathon

28 april gjekk endeleg startskotet for årets nykommar i Bergen, Bergen City Marathon! Ein marathontrase i Bergen, vil naturleg nok bli kupert. Iallefall dersom ein ikkje skal stenga av alle innfartsårer til heile byen. Me var nok difor mange som granska løypeprofilen nøye, då den dumpa ned i innboksen. Løypa såg nemleg slik ut. 

Eg synes iallefall dette vart eit KJEMPE løp! Terrenget, underlaget og utsikta varierte stort. Alt i frå grus og motbakkar i Fjellveien, via flat og fin asvalt kring store Lungegårdsvann, til kronglete bygater og brustein på Nordnes. Eit løp der ein skal setje ny personleg rekord, vert nok dette aldri. Men, eit utfordrande, variert og kjekt løp er det verkeleg!

1.29 vart foresten tida mi i år, og det må vel kunne forbetrast?

Eg stiller garantert neste år, reknar med å sjå deg og!

lørdag 3. september 2011

Fjord Norway half marathon

"Knarvikmil helga" har utvikla seg til å bli eit heilt konsept, med alt i frå naturløyper til halvmaraton.

Eg har lenge tenkt at eg skulle prøva meg på ein halvmaraton. Ein distanse som høvar bra når sykling og småbarnstrall har gjort ein treigare men kanskje meir uthaldande...?

Debuten min 3 september vart våt men kjekk. Eg prøvde å springa på jamne kilometertider, noko som fungerte bra. Eg gjekk iallefall ikkje på ein smell...
Tida, 1.32, får vera heilt greit i ein haust med travle dagar og lite trening. Men, eg kjenner eg har meir inne til neste år!
Eg reknar med at du stiller du og...?

tirsdag 7. juni 2011

Bergen - Voss 2011



Som nybegynnar innanfor landevegsritt sjangeren, var eg rimeleg usikker før mitt første Bergen - Voss. Rotete sykling, kjefting i feltet, varierande vestlandsvær og ein fantastisk fin tur. Summerer igrunn opp desse 17 mila for meg.

Erfaringar eg tek med meg vidare:
- Eg MÅ bli tøffare i utforkøyringane.
- Eg må bli ein smartare felt syklist.
- Det er lurt å melda seg på eit felt som går i overkant fort, det kjem tross alt nye felt rett bak.
- Eg må få gjort noko med ryggproblema mine.

Fire gode målsetjingar for Bergen - Voss 2012 :)

mandag 6. juni 2011

Nordhordaland rundt


Sykkelrittet "Nordhordaland rundt" har på lik linje med mange andre lokale sykkelritt vokse seg stort dei siste åra. Det var difor ein litt smånervøs "førstereisegutt" som stilte til start 22 mai, til dette 9 mil lange sykkelrittet som stort sett går gjennom barndomens rike for min del.

Eg starta i seeda klasse 2, noko som i grunn passa meg bra. Me vart ei gruppe på omlag 10 ryttarar som samarbeida godt i den til dels sterke motvinden. Kjekt og fartsfyllt ritt!

Her ser du ei reportasje i frå rittet laga av TV Nordhordaland: Nordhordaland rundt 2011

fredag 11. februar 2011

dytt.no

Ein smilande kar på jobb ,oppmoda flest mogleg om å melda seg på "Gå rundt Jotunheimen på 60 dagar" kampanjen på dytt.no. Eit konsept av -registrer flest mogleg skritt på skritteljaren- typen.

Sjølvsagt stilte arbeidsrommet mitt eit lag. Men, når ein har eit konkuranseinnstinkt i frå Helleland, kan slike ting fort komma ut av kontroll... Eg brukar nok litt for mykje hjerneaktivitet på skritteljar og statistikk om dagen, det er godt det berre varar i 60 dagar...

Kjekt og motiverande for arbeidsmiljøet er det iallefall!!

mandag 18. mai 2009

Garborgriket rundt 2009

I fjor som i år var eg med på sykkelrittet Garborgriket rundt. Dette er eit 59 km langt terrengsykkelritt som foregår i området Bryne - Undheim - Ålgård - Figgjo, der ein er innom alt i frå asfalt til traktorvegar og sti. Variert, fartsfylt og utruleg morosamt!! I år stilla Siri og til start noko som eg synes var både sporty gjort og svært kjekt.
Litt motvind gjorde nok at totaltida ikkje vart heilt som ønska. Men både underteikna og "konkurentar" som Skjalg, Jarle og svoger Herbjørn bør likevel sei seg fornøgd! Er du meir detaljorientert, så finn du resultatlista på www.turritt.com
Bli med neste år du og då vel!