Men, sykling er framleis favoritten! Difor kom eg til ein fredagskveld, at eg skulle ta meg ein liten "formtest" på sykkel. Oppskrifta var enkel: Full fart tur/retur Rema 1000 (omlag 2x 8km), i ei skikkeleg kupert vestlandsløype. I tillegg ville eg då ha sekken full av varer på heimveg.Resultatet vart som følger:
- Toppen av første bakke: PINN STIVE lår...
- Rema 1000: Litt sjølvransaking mellom varehyllene.
- Heimvegen: Stive lår, vondt i korsryggen, men stabil og fin puls trass særs aktiv sykling.
Konklusjon:
Framleis blir ein god på det ein trenar på desverre... Og "sykkellåra" mine er i ei elendig forfatning. Blodpumpa verkar derimot bra, så løpesesongen ser ut til å vera berga.
Medisin:
Bakkeintervallar... Berre å finne fram racaren...:)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar