Viser innlegg med etiketten sykling. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten sykling. Vis alle innlegg

mandag 18. juni 2012

Tørre stiar:)

Juni har vore ein turr månad, dumt for grønsaksåkeren, fantastisk for stisyklinga!
Stisykling er fantastisk morro, men blir litt for ofte nedprioritert i forhold til meir "effektive"aktivitetar som springing (særleg når ein ofte har ca 60 min til disposisjon...)

Men, med tid kommer råd. Og stisykling kjem deet til å bli meir av i framtida at, garantert!!

Her er eit bilete i frå ein tur rundt Fossevatna. Småkupert løype med artige "North shore" element, i form av godt opparbeidde myrbruer.

mandag 19. mars 2012

Syretest til Rema 1000

Dei siste åra har det blitt mest løping på meg. Eg synes løping er veldig kjekt, samstundes som eg  som travel småbarnsfar synes at det er den mest effektive bruken av treningstida.

Men, sykling er framleis favoritten! Difor kom eg til ein fredagskveld, at eg skulle ta meg ein liten "formtest" på sykkel. Oppskrifta var enkel: Full fart tur/retur Rema 1000 (omlag 2x 8km), i ei skikkeleg kupert vestlandsløype. I tillegg ville eg då ha sekken full av varer på heimveg.

Resultatet vart som følger:
- Toppen av første bakke: PINN STIVE lår...
- Rema 1000: Litt sjølvransaking mellom varehyllene.
- Heimvegen: Stive lår, vondt i korsryggen, men stabil og fin puls trass særs aktiv sykling.

Konklusjon:
Framleis blir ein god på det ein trenar på desverre... Og "sykkellåra" mine er i ei elendig forfatning. Blodpumpa verkar derimot bra, så løpesesongen ser ut til å vera berga.

Medisin:
Bakkeintervallar... Berre å finne fram racaren...:)

tirsdag 7. juni 2011

Bergen - Voss 2011



Som nybegynnar innanfor landevegsritt sjangeren, var eg rimeleg usikker før mitt første Bergen - Voss. Rotete sykling, kjefting i feltet, varierande vestlandsvær og ein fantastisk fin tur. Summerer igrunn opp desse 17 mila for meg.

Erfaringar eg tek med meg vidare:
- Eg MÅ bli tøffare i utforkøyringane.
- Eg må bli ein smartare felt syklist.
- Det er lurt å melda seg på eit felt som går i overkant fort, det kjem tross alt nye felt rett bak.
- Eg må få gjort noko med ryggproblema mine.

Fire gode målsetjingar for Bergen - Voss 2012 :)

søndag 23. mai 2010

Å møtast på midten




















Ein triveleg samankomst Kristihimmelfartsdag på hytta til Feedarane, vart til ein "me syklar frå kvar sin ende og møtes på midten" avtale for Asbjørn og Georg. Som sagt så gjort, og visst vart det ein fin tur og!





mandag 10. mai 2010

"Fredagsrunden"





















Dei siste fem åra har eg og Skjalg vore faste -sykle-til-jobb-kompanjongar"-. Fredagane tek me ofte ein "omveg" heim. Bileta her er i frå forrige fredag, då det vart Oltedal - Høle - Horve - Austrått - Ålgård, fin tur :)

torsdag 15. april 2010

Vår i Hålandskogen



































På grensa mellom Time og Gjesdal ligg Hålandskogen. Eit område tettpakka med stiar og små traktorvegar, perfekt for terrengsykling.

Her ser du bilete i frå ein kveldstur eg og Erlend hadde oss i midten av april. Flat kveldsol, tørre stiar, fuglesong og vårfrisk luft. Heilt suverent!

tirsdag 6. april 2010

Pappaperm og sykkeltur





Rett før påske vart me foreldre til ein gut til, fantastisk! Likefullt har eg ei kone som veit at husbonden er ein enno betre småbarnsfar når han berre får lufta seg litt...
Her ser de bilete frå ein rask føremiddagstur over Sikvelandsheia, Undheim og tilbake til Ålgård. Fin vårtur!

Ny men brukt sykkel


Den gamle gode Commencal Colt landevegsykkelen min var moden for solnegangen etter 6 harde sesongar til og frå jobb + +
Men som ryttar på den kommunale lønningsposen, står ikkje alltid budsjettet i stil med draumane... For meg vart det å kjøpa brukt sykkel difor særs aktuelt. Og etter litt gerilja research, må eg jammen sei at det finst mange bra, brukte syklar der ute!!
For meg vart det ein Bianchi Freccia Celeste, kjøpt hjå ein ung og framandstormande rytter for 8000 kr. Ny pris på sykkelen er omlag 30 000 kr. Eg er verkeleg storfornøgd med kjøpet så langt! Sykkelen fann eg på "Krambuå" til Bryne sykkelklubb, ein plass der det ofte er "gromsyklar" til sals. Mange gonger i heilt andre prisklassar enn 8 000 kr og...

mandag 18. mai 2009

Garborgriket rundt 2009

I fjor som i år var eg med på sykkelrittet Garborgriket rundt. Dette er eit 59 km langt terrengsykkelritt som foregår i området Bryne - Undheim - Ålgård - Figgjo, der ein er innom alt i frå asfalt til traktorvegar og sti. Variert, fartsfylt og utruleg morosamt!! I år stilla Siri og til start noko som eg synes var både sporty gjort og svært kjekt.
Litt motvind gjorde nok at totaltida ikkje vart heilt som ønska. Men både underteikna og "konkurentar" som Skjalg, Jarle og svoger Herbjørn bør likevel sei seg fornøgd! Er du meir detaljorientert, så finn du resultatlista på www.turritt.com
Bli med neste år du og då vel!