Viser innlegg med etiketten ved. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten ved. Vis alle innlegg

tirsdag 28. februar 2012

Bøkefall

Rundt "gamlahuset" på garden vår, vart det før 1930 planta fleire store blodbøk og Linde- tre. I løpet av dei siste 20 åra har me tatt ned fleire av desse kjempene, og i år måtte nok ein diger blodbøk til pers. Ikkje berre enkelt å arbeide med eit treslag som har 570 kg/fm3, kjennes stundom som ein både sagar og løfter på stein.

Men, med ein brennverdi på 3032 kwh/fm3, er det få om nokon treslag som slår bøketreet. Så det burde det vel bli varmt i stova om eit år eller to... (tørkinga tek si tid...)

mandag 12. desember 2011

Du kjæra lilla motorsag, her kommer jag igjen...

Årets "ved-sesong" byrja med felling av nokre seljer som stod i vegen for ein nabo. Denne veden vart kappa i 30 cm for kløyving med øks. Så no har eg nokre fine kveldstunder framfor meg med kløyveøksa. Så får me satsa på ein lang, frost-rik vinter med fine fullmåne kveldar!

lørdag 31. juli 2010

Ei hymne til veden

Mange seigingar i åras løp lagt viktige delar av grunnlaget i vedskogen. Mest kjent er vel gjerne beistet sjølv, finnen Juha Mieto. Han kunne i løpet av ein sumar, sage, kløyve og stable uhorvelege mengder god bjørkeved djupt inne i dei finske skogarna. Sjølv har eg umoteleg stor tru på treningsverdien i tungt og monotont kroppsarbeid, som t.d. vedhogst. Særleg i ei tid då mange av oss knapt utfører eit einaste tungt løft i løpet av arbeidsdagen. Kan litt sjølvpålagt kroppsarbeid gjera underverker! Det er berre å slipe øksa og gå til verket!