onsdag 3. april 2013

Vår yr!

Dette er ei av dei verkeleg strålande våropplevingane: kjensla av nye joggesko!! For min del handlar det ofte om Asics Nimbus. Desse har eg spart på i to månader...

tirsdag 2. oktober 2012

Ei lita hardøkt: 2 x 3 km vedbæring

...og bålet vart bra det...
25 september var det tid for turdag på skulen. Eg hadde ansvar for ein av turane, og tenkte som så ofte elles at me MÅ ha ein  god bålpause mot slutten av dagen.

Ettermiddagen før, fann eg difor fram den gode gamle 110 liters Bergans sekken min, og fylte den med kapp og gamalt elevarbeid i frå sløydsalen. Så bar det til skogs. Etter omlag 1 km oppvarming, prøvde eg å springa mest mogleg fram mot leirplassen, tømma sekken, før eg jogga tilbake til skulen. Der fylte eg sekken ein gong til, og gjentok same turen. Hardt og fint.

Det gjeld som kjent å sjå moglegheitene i kvardagen ;)

Push ups...

Eg diggar basistrening, og då kjem ein jo ikkje utanom push ups eller armhevingar som det vel heiter.

For å skapa litt utfordring og variasjon i kvardagen kjøpte eg denne DVD`en på ebay. Vel var han filma i 1996, men Navy SEAL basistrening er vel etter god gamal oppskrift uansett tenkte eg. Filminga er ikkje veldig kreativ, og soundtracket er fullt av "hooyaas". Men øvingane er knallharde og fine. For tida køyrer eg følgande sett:

10 vanlege push ups
1 min pause
10 triceps push ups (smalt grep, breie bein)
1 min pause
10 push ups med bredt grep
1 min pause
10 bomber push ups (ikkje heilt enkelt å forklare...)
1 min pause

Så gjeld det å køyra på heilt til ein ikkje klarer 10 repetisjonar lenger. Målbart og fint.


Til våren derimot, tenkte eg å prøva meg på følgande økt:

Totalt 300 push ups, på så få sett som mogleg. Mellom kvart sett løper ein 400m.
Totalt 200 pull ups, på så få sett som mogleg. Mellom kvart sett løper ein 400m


Huttetu...

onsdag 5. september 2012

Knarvikmila 2012







Så var det endeleg klar for Knarvikmilhelga i år og. Eg synes personleg dette arrangementet berre vert betre og betre for kvart år som går!

For vår del byrja det heile med "Knøttemila" laurdag. Der Vebjørn og Emil "kjempa" seg gjennom 300 m hinderløype, før medalje, drikkeflaske, is og banan venta i mål, hurra!

Seinare same ettermiddag, var det derimot underteikna sin tur til å lufta seg på Fjord Norway half marathon. Flotte forhold og ny pers med 1.27 gjorde det heile til ei flott oppleving! Den løypa er berre knallkjekk!!

Søndag avslutta me årets helg med familie tur i "Naturløypa" med innlagte drikkestasjonar, frukt og pølsestopp. Medan besto trilla minsten ein runde i "Brekkeløypa". Ei kjekk og aktiv helg med andre ord. Knarvikmila 2013, me er klar!



mandag 18. juni 2012

Tørre stiar:)

Juni har vore ein turr månad, dumt for grønsaksåkeren, fantastisk for stisyklinga!
Stisykling er fantastisk morro, men blir litt for ofte nedprioritert i forhold til meir "effektive"aktivitetar som springing (særleg når ein ofte har ca 60 min til disposisjon...)

Men, med tid kommer råd. Og stisykling kjem deet til å bli meir av i framtida at, garantert!!

Her er eit bilete i frå ein tur rundt Fossevatna. Småkupert løype med artige "North shore" element, i form av godt opparbeidde myrbruer.

fredag 4. mai 2012

Vårtur i shorts!!

Alle årstider har sin sjarm. Men, første løpeturen i shorts om våren, er alltid spesiell. For ein travel småbarnspappa, er det og fantastisk å kunne springe i 1t 30 min kl 20 om kvelden, og likevel ha dagsljos heile vegen.
 Her er nokre bilete i frå ein tur Seim - Gladihaug (over Krossane), eg, Leif og Harald hadde 1 mai om kvelden.








søndag 29. april 2012

Bergen city Marathon

28 april gjekk endeleg startskotet for årets nykommar i Bergen, Bergen City Marathon! Ein marathontrase i Bergen, vil naturleg nok bli kupert. Iallefall dersom ein ikkje skal stenga av alle innfartsårer til heile byen. Me var nok difor mange som granska løypeprofilen nøye, då den dumpa ned i innboksen. Løypa såg nemleg slik ut. 

Eg synes iallefall dette vart eit KJEMPE løp! Terrenget, underlaget og utsikta varierte stort. Alt i frå grus og motbakkar i Fjellveien, via flat og fin asvalt kring store Lungegårdsvann, til kronglete bygater og brustein på Nordnes. Eit løp der ein skal setje ny personleg rekord, vert nok dette aldri. Men, eit utfordrande, variert og kjekt løp er det verkeleg!

1.29 vart foresten tida mi i år, og det må vel kunne forbetrast?

Eg stiller garantert neste år, reknar med å sjå deg og!