Viser innlegg med etiketten familie tur. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten familie tur. Vis alle innlegg

søndag 28. mars 2010

Ski og sånt, når tre skal bli fire...



Å vera tur-interessert småbarnspappa, handlar om å leva i spenninga mellom dei draumane ein har og det som er gjennomførbart. Denne vinteren har det blitt mange korte skiturar og ingen lange, og det er heilt greit! Livet har mange epokar, og akkurat no er eg inne i ein epoke med flest korte turar... Det handlar om å vera fornøgd der ein er.

fredag 4. september 2009

Tytebærtur til Setesdal.

I år som i fjor samla me "dei gamle" til tytebærsanking og hugnadsamt samvær på Brokke i Setesdal. Totalt plukka me omlag 60 liter tytebær, så me fekk litt med oss heim at og.

mandag 4. mai 2009

Tilbakeblikk frå vinteren som var.

Turane denne vinteren har vore prega av eit objekt: barnepulk. Me kjøpte ein billeg 1997 modell sist sommar og har vore svært nøgd med denne. Herleg å kunne erfara at det å ta seg ein skitur framleis er mogleg, også når to har vorte til tre.