Viser innlegg med etiketten fisking. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten fisking. Vis alle innlegg

onsdag 2. juni 2010

Bulandet i mai.


Sigbjørn, Alf Egil, Øystein og Asbjørn møttest for ei langhelg med eit nærast autistisk fokus på fisking og fridykking. Denne gongen var Bulandet, lengst vest i Sunfjord målet. Der levde me herrens glade dagar i "Campellabua" til Arne Fedøy. Ved neste korsveg vert eg sjarkfiskar!












fredag 7. mai 2010

Auren ei kjelde til tårer, sinne, latter og jubelrop


Tenk deg at sjøauren som vakar i fjorden og fjellauren du finn i grunne fjellvatn, eigentleg er same fisken!! Auren er verkeleg ein av dei mest varierte og levedyktige artane me har her i landet. Eit godt døme ser du på bilete over. Heilt ulik farge på fiskekjøtet, tyder på stor skilnad i kosten. Sjølv om fiskane er tatt 50 m i frå kvarandre, i same vatnet og på same fisketuren!

Kvinneforening = fisketur













Nydeleg maikveld, perfekt temperatur og 9 sprudlande damer i stova. Perfekt kveld for ein strøken timeout med fiskestonga. Vipa leika over vatnet, auren vaka og beit, hurra!

tirsdag 4. mai 2010

200 g lykke


















Fisketurar med lett haspelstong og vakande småaurar i kikkerten, er ein evig favoritt hjå meg. Her ser du bilete i frå ei kort mai økt, 20 min trav i frå stovedøra.

tirsdag 26. mai 2009

Garnfiske i Storavatnet!

Kristihimmelfarthelga fekk me hug til å prøva oss på garnfiske etter gamalt. Høvdingen på Gausereidet Reidar Furelid, stilte med robåt og sju garn. Så då var det berre å setja seg til årene og ro. Resultatet vart som du ser av bileta noko blanda, med aure og røyr i frå om lag 750g og nedover... Dette lyt me gjera nye forsøk på til sumars!