mandag 19. mars 2012

Syretest til Rema 1000

Dei siste åra har det blitt mest løping på meg. Eg synes løping er veldig kjekt, samstundes som eg  som travel småbarnsfar synes at det er den mest effektive bruken av treningstida.

Men, sykling er framleis favoritten! Difor kom eg til ein fredagskveld, at eg skulle ta meg ein liten "formtest" på sykkel. Oppskrifta var enkel: Full fart tur/retur Rema 1000 (omlag 2x 8km), i ei skikkeleg kupert vestlandsløype. I tillegg ville eg då ha sekken full av varer på heimveg.

Resultatet vart som følger:
- Toppen av første bakke: PINN STIVE lår...
- Rema 1000: Litt sjølvransaking mellom varehyllene.
- Heimvegen: Stive lår, vondt i korsryggen, men stabil og fin puls trass særs aktiv sykling.

Konklusjon:
Framleis blir ein god på det ein trenar på desverre... Og "sykkellåra" mine er i ei elendig forfatning. Blodpumpa verkar derimot bra, så løpesesongen ser ut til å vera berga.

Medisin:
Bakkeintervallar... Berre å finne fram racaren...:)

søndag 11. mars 2012

Tidsklemma, trening og prioritering...

KONDIS: Uredd og sprek trebarnsfar

Alltid spanande å lesa artiklar om spreke folk og korleis dei løyser kvardagen sine utfordringar.

Etter å ha lese forholdsvis mange slike artiklar, set eg igjen med nokre konklusjonar:
- Menn som likar å trene, har og ofte ei kone som likar å trene.
- Det handlar om å sjå moglegheitene i kvardagen, "å springe heim i frå kaffibesøk..."
- Å få til noko i 2012, handlar om å gjera tydelege val og prioriteringar. Overnevnte familie, hadde til dømes kvitta seg med fjernsynet.


Den velkjende tidsklemma kan kun løysast med prioriteringar. Kva er viktigast for deg og familien din? I ei tid der alle heile vegen skal kunne gjere alt, er tydelege valg viktigare enn nokon gong.


- Dersom trening og friluftsliv er viktig for meg, kva vil eg då prioritera vekk?


tirsdag 28. februar 2012

Bøkefall

Rundt "gamlahuset" på garden vår, vart det før 1930 planta fleire store blodbøk og Linde- tre. I løpet av dei siste 20 åra har me tatt ned fleire av desse kjempene, og i år måtte nok ein diger blodbøk til pers. Ikkje berre enkelt å arbeide med eit treslag som har 570 kg/fm3, kjennes stundom som ein både sagar og løfter på stein.

Men, med ein brennverdi på 3032 kwh/fm3, er det få om nokon treslag som slår bøketreet. Så det burde det vel bli varmt i stova om eit år eller to... (tørkinga tek si tid...)

mandag 27. februar 2012

Kilian Jornet sine treningsprinsipp



Kilian Jornet er litt av ein kar, han er ein av verdas råaste fjelløparar / ultraløparar / skibestigarar mellom anna. Til dømes har han rekorden opp /ned på Kilimanjaro, med 7timar og 14 min. Og har gått 2000 høgdemeter på ski på 32 min.

Denne fjellmannen har og nokre gode tankar om trening:


Each person is unique. Not only morphological and physiological characteristics are different, the man is something more than the sum of these parts. It is a mistake to expect identical reactions between two individuals performing the same job. This principle is crucial because it indicates that it is not to copy what others do.

The training has to play the most similar to the features found in the competition. Running across a mountain, we must train in the mountains, technical trails, and if not look for what fits you the best.


Dette er viktige tankar i vår tid, der avisene er fulle av "kva er den mest effektive treninga nett no" stoff. Alle menneske er unike, og kan difor ikkje automatisk ta til seg felles mønster for trening. Ein må sjølv kjenne etter, og finne kva som passar din kropp. Og sist men ikkje minst: skal du bli god på ski, må du gå på ski. Herleg!





fredag 24. februar 2012

Overvektige nordmenn

Som gymlærar synes det er ekstra spanande å følge med kvar gong denne debatten  når fram i medie Noreg.

I programmet "Debatten" på NRK 1 23.02.12, var temaet oppe på nytt.
Debatten 23.02.12

Kostholdsdame og medieyndling Kari Jaquesson, var deltakar m.a på bakgrunn av nokre friske fraspark på bloggen sin. Eg måtte sei meg litt eining med dette innlegget her:

Å slankeopperere undomskuleelevar, er vel å behandle symptoma og ikkje problemet? Å snu ein innaktiv livsstil er ikkje lett. Men, det er dette me må ha fokus på!

Men, som Kari påpeiker, det er desverre ingen andre enn du som kan ta tak i ditt liv, men samfunnet skal hjelpe til!

Kva tenkjer du...?

mandag 12. desember 2011

Du kjæra lilla motorsag, her kommer jag igjen...

Årets "ved-sesong" byrja med felling av nokre seljer som stod i vegen for ein nabo. Denne veden vart kappa i 30 cm for kløyving med øks. Så no har eg nokre fine kveldstunder framfor meg med kløyveøksa. Så får me satsa på ein lang, frost-rik vinter med fine fullmåne kveldar!

lørdag 15. oktober 2011

Ein god tur


Til liks med mange andre familiefedre/hobby trimmarar/arbeidstakarar, så er det dei lange turane det ofte skortar på. I haustferien fekk eg likevel snika til meg ei fin økt på i underkant av 3 timar. Først sykling til Seim med barnehengar. Deretter, fin løpetur tur/retur Krossane - Gladihaug, ein tur med omlag 780 hm stigning totalt. Til slutt, sykkeltur heim via barnehagen for å henta to fornøgde karar. Totalt sett, ei fin langkøyring. Det gjeld å sjå smutthola i tilværet...

På kartet er raud strek meint som sykling, og blå som løping.