tirsdag 23. november 2010

Andejakt i Osterfjorden


Då Sveinung og Linn skulle ta turen ei helg, tenkte eg at det hadde vore artig å få til noko andejakt etter gamalt.
Stig Arve var som vanleg ikkje vanskeleg å be, og dermed bar det ut kring holmar og skjær i Osterfjorden laurdag ettermiddag.

Me såg minst 50 fugl og resultatet burde ha vore større enn dei to me sat at med. Analysen kring kaffibordet, slo fast at teknikken i åling på svaberg var rusten. Og at lokkeender skulle medbringast neste gong. For ein snarleg nestegong, det vert det!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar