torsdag 18. august 2011

Gymlærar i einskapskulen. Eit lite hjartesukk...


Likskap er ein strålande verdi. Men, kan me stundom bli for like?

Eg synes det er FANTASTISK å undervisa i gym, men:

- Dei beste prestasjonane bør eg helst ikkje slå for høgt opp, det gjeld jo ikkje alle.

- Konkuranse er gøy, pass berre på at ikkje dei flinkaste vinn kvar gong.

- Skidag er årets høgdepunkt. Berre synd at me ikkje kan driva med slikt, me har jo ikkje lov å arrangera ting som kostar pengar.

- Friluftsliv, telt og hyttetur er både læreplanfesta og fine saker. Berre pass på at det er gratis.

-Ein sykkeltur er kjekt, hugs berre å lag til ein to tre alternativ. Det er jo ikkje alle som har sykkel.

- Svømming skulle er gjerne ha lært dykk, visst me berre hadde vatn i bassenget.

- Eit kjapt bad i vatnet hadde vore kjekt etter joggeturen. Nei... kven skal ta ansvaret dersom, dersom, dersom...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar